Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Island - eit varmt portrett av ein fargerik kultur

2022, Innbundet, Norsk Nynorsk

454,-499,- i butikk

På nettlager - sendes innen 2-7 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda - hadde det ikkje vore for Island. Frå nådelaus natur når dei kvite vinterstormane står på som verst, til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Island er høgt elska for det ville og vakre landskapet med sine store sletter, varme kjelder og eksotiske vulkanar som tek pusten av oss.

Gjennom levande reiseskildringar og interessante menneskemøte skriv Ottar Fyllingsnes fram eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen. Dette er boka for den som verkeleg har lyst til å kome under huda på den islandske kulturen og bli kjend med sider ved det islandske samfunnet som ikkje kjem fram i tradisjonelle reiseguidar. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud blir boka ein komplett kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya. Skildringane strekkjer seg frå sagatida og fram til dagens internasjonale og moderne Reykjavík, der vi mellom anna får bli med til ein kjend pølsekiosk som har hatt Bill Clinton som kunde.

Island er kåra til det mest likestilte landet i verda for elleve år på rad og er eitt av dei tryggaste landa å reise til som turist. I tillegg er landet ei kulturell stormakt, som har produsert noko av den vakraste musikken og litteraturen vi kjenner til. Fyllingsnes dykkar med denne boka djupt ned i den islandske kulturen, politikken og naturen for å prøve å finne svaret på kvifor den vesle øya har ei slik magisk tiltrekkingskraft på oss.

Anmeldelser av Island:

Mange bøker er skrivne i Sverige, Danmark og Norge om Island. [.] Ottar Fyllingsnes og Harald Hognerud hevdar seg heilt i toppen i dette gjæve selskapet med sine to gjennomarbeidde bøker frå Vest-Norden. Det varme portrettet av Island er skrive med kunnskap, kjærleik og begeistring.
- Jan Kløvstad, Nordisk tidskrift
Det er særleg i dei intervjubaserte strekka ein får glede av Fyllingsnes som ein nysgjerrig og open forteljar.
- Mette Karlsvik, Dag og tid
En tydelig begeistret forfatter . som har fotograf Harald Hognerud med på laget . har funnet gode kilder til alt fra alvenes hverdag til fallosmuseets stigende popularitet.
- Runar Larsen, Vagabond Reiselyst

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Fyllingsnes, Ottar (for) ; Hognerud, Harald ()
  • Forlag/Utgiver

    Skald AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Island
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    381
  • Emnekategori

    Reiser og ferie, Sosial- og kulturhistorie
  • Kom i salg

    21. apr. 2022
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788279593010

Kundeanmeldelser

Frakt og levering