Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Gripen av Grønland - i far sine spor 63 år etter

2012, Innbundet, Norsk Nynorsk

368,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten Hird frå land i Ålesund med seks fangstmenn ombord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland, og få oppfylt draumane sine om rikdom. Men alt gjekk ikkje heilt etter planen. Eitt år vart til to, og dei fekk prøve ut eigne grenser både fysisk og psykisk gjennom ugjestmilde møte med vintervêr. Ein av mennene var Jonas Karlsbakk frå Mauseidvågen. Kvar dag i åra han overvintra i Eirik Raudes Land skreiv han i dagboka si. Fullskrivne kladdebøker med vêrobservasjonar og dokumentasjon over hendingar. Dette gjev eit levande bilete av kva fangstmennene gjorde på Grønland og korleis dei overlevde i åra frå 1927 til 1930. I 1990 var dottera, Turid Karlsbakk, så heldig å få vere med eventyraren Ragnar Thorseth på det som vart annonsert som ein fotosafari i spora etter dei gamle fangstmennene på Nordaust-Grønland. Dette vart hennar livs seglas. Boka er rikt illustrert med bilete både frå Jonas og Turid Karlsbakk sitt opphald på Grønland.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Karlsbakk, Turid (for)
  • Vareeier

    Selja Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2012
  • Antall sider

    101
  • Emnekategori

    Reiseskildringer
  • Kom i salg

    29. okt. 2012
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788282400558

Kundeanmeldelser

Frakt og levering