Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Heilt aleine - 54 dagar på tur til Sørpolen

2025, Lydbok, Nynorsk
Terningkast 5
Lydbok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. Lydboka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
Karen Kyllesø er den yngste som har gått aleine til Sørpolen nokosinne. I denne personlege og spektakulære forteljinga får du svaret på korleis ho klarte å gå dei 1130 kilometrane inn til Sørpolen – og kva ho tenkte på undervegs. Kva fekk ho til å leggje ut på ei så lang, einsam reise til det kaldaste og mest isolerte kontinentet på kloden?

Her skriv ho sjølv om kvifor ho drog, korleis ho førebudde seg, og korleis det gjekk. Det finst mange unge som drøymer om å dra til verdas ytterpunkt, men berre dei færraste set draumane ut i livet. Som 21-åring stod Karen Kyllesø på Sørpolen etter 54 dagar aleine på tur.

«Etter kvart som åra gjekk, vart grensa flytta lenger og lenger framfor meg. Turane vart lengre og lengre og på sett og vis meir og meir ekstreme. Det å stadig finne nye utfordringar har vore ein måte å stadig jakte etter meistring på.»



Anmeldelser av Heilt aleine:

5
Jordnært og enkelt om ekstrem kraftprestasjon. Karen Kyllesø gjekk aleine til Sørpolen. Boka hennar er utan sjølvskryt, men hyllar gleda ved å meistra.
- Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Kyllesø, Karen (Innleser)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Lydbok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Utgivelsesdato

    19.12.2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234014147

Kundeanmeldelser

Frakt og levering