Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Mopeddagbøkene - utviklingssuksess og kvardagsliv i det ny Vietnam

2025, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Eit nytt Vietnam veks fram. Så seint som på 1980-talet var landet svært fattig, krigsherja og isolert. Sidan har landet hatt ei veldig økonomisk utvikling, blitt verdsmeister i fattigdomsreduksjon og blitt heim til ei raskt veksande middelklasse.Levestandarden har betra seg dramatisk. Ein har betre helse og får betre utdanning. Mange kan gå ut og ete, og ein har tilgang til alt det forbrukssamfunnet tilbyr av gleder og sorger. Vietnam har til dømes gått frå å vere eit land av syklar til å huse nesten åtti millionar mopedar, fordelt på omkring hundre millionar innbyggjarar. Ved hjelp av ei særeigen blanding av sosialisme og marknadsøkonomi har Vietnam blitt ein av verdas største utviklingsuksessar. Samtidig trugar nye former for ulikskap den sosialistiske draumen, politiske rettar blir innskrenka, og ei rekkje miljøproblem fører til nye utfordringar. MOPEDDAGBØKENE tek føre seg både framsida og baksida av Vietnams utviklingsmedalje, og boka gir eit unikt innblikk i eit land alle burde vite meir om.Arve Hansen er seniorforskar ved Senter for global bærekraft ved Universitetet i Oslo, der han leiar forskinga på berekraftig forbruk og energi. Mykje av Hansens forsking handlar om utvikling, berekraft, forbruksmønstra til dei nye middelklassene i Vietnam og om korleis kvardagslivet endrar seg med store samfunnsomstillingar. Han har ved fleire høve budd lange periodar i landet.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Fonna forlag
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Emnekategori

    Reiseskildringer, Samfunn og kultur: generelt
  • Kom i salg

    11. okt. 2025
  • Varenummer

    9788251304153

Kundeanmeldelser

Frakt og levering