Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Skispor i Sunnmørsalpane - 85 storslegne toppturar

2023, Ukjent, Norsk Nynorsk

454,-499,- i butikk

På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Drøymer du allereie om neste sesong med pudder, puls og fart? I Sunnmørsalpane kan du renne frå alpine tindar til tang og tare i fjøra på under ein halvtime om du så vil.

Området er ingen løyndom for toppturentusiaster og tindejegerar, men nokre toppar ligg framleis som skjulte perler og berre venter på å bli signert med skispora dine. I denne boka syner lokale og fjellrøynde Pål-Are Vadstein fram dei toppane han har vakse opp midt blant, og korleis du kjem deg dit opp og ned igjen. Frå stova si kan han sitte og sjå på utsikta over snødekte tindar i solskin, og før det har gått mange timane, er han like gjerne på veg oppover ein av dei. Det har ført til mange toppar i minneboka, og no deler han kremen av dei.

Boka er ein døropnar inn til dei store tindenamna samt dei meir ukjende delane av Sunnmørsalpane, der det kryr av tindar, horn, egger og niper. Her finn du 85 toppturar, fleire av dei kombinasjonsturar, i Ørsta, Volda, Sykkylven og Stranda kommune. Pål-Are Vadstein gir deg turer frå sesongen sitt første til siste pust. Rutene er rikt illustrerte og graderte etter vanskegrad. I tillegg til forlokkande foto og informative kart, inneheld boka gode tips til naudsynt utstyr, skredtryggleik og inspirasjon til å bryte opp kvardagens mas og kjas med ein tur ut og opp.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Vadstein, Pål-Are (for) ; Vadstein, Pål-Are ()
  • Forlag/Utgiver

    Skald AS
  • Format

    Ukjent
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    319
  • Emnekategori

    Skisport
  • Kom i salg

    16. okt. 2023
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788279593614

Kundeanmeldelser

Frakt og levering