Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Vinduet. Nr. 4 2020

2020, Pocket, Norsk Bokmål

180,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Med mellom anna Eve Babitz, ein temabolk om kritiske blindsoner og ei analyse av det norske podkastlandskapet.
Utgåva inneheld ein temabolk om litteraturkritikk og kritikkens moglege blindsoner, med ei rekke tekstar som drøftar kritikarens møte med eit knippe av  dei dilemmaa og kunstnariske uttrykka som samtida byr på: Carline Tromp ser på kritikarens posisjon i eit hyperpolarisert digitalt ordskifte, Carina E. Beddari drøftar kritikarens møte med sterke forteljingar frå verkelegheita, Pål C. Halvoren rettar eit sosiologisk blikk mot amerikanske og norske kritikarar, Bjørn Ivar Fyksen framfører eit forsvar for litterær sentimentalitet, Kåre Bulie ser på litteraturens ofte oversette materielle aspekt og Hilde Rød-Larsen inviterer fleire litteraturarbeidarar inn i den kritiske samtalen. Men dette er ikkje alt. Midt i den norske mørketida, inviterer Vinduet lesarane med til den amerikanske vestkysten, og guiden er ingen ringare enn Eve Babitz - forfattaren som gjorde Los Angeles til sin poetikk og sjølv brann sterkare enn kva som helst Hollywood-stjerne. Dei siste åra har ho vore gjennom ei omfattande revival etter ei lang tids gløymsel, og no vert ho endeleg presentert for norske lesarar gjennom Anna Kleivas essay og omsetting.   Nummeret inneheld òg Preben Jordal si drøfting av Jon Fosses septologiprosjekt, der Jordal ser konturane av ein skisme i forfattarskapen. Ali Smith sin nyleg avslutta årstidskvartett vert lest av Eiler Fleischer, og Steve Sem-Sandberg vert intervjua av Hanna Nordenhök. Audun Vinger og Aksel Kielland står for kvart sitt byks ut av dei strengt litterære rammene: Vinger har lytta (og lest) seg gjennom dei britiske musikarane i Saint Etienne sine samlealbum med andre artistars musikk, og Kielland har lytta (og lidd) seg gjennom dei mest populære norske podkastane. I tillegg: Jan Grue syner fram eit utdrag frå ei komande bok, Ida Lødemel Tvedt introduserer René Girard og kunstnar Azar Alsharif syner utdrag frå sitt visuelle univers.www.vinduet.no

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Horvei, Maria (red)
  • Vareeier

    Gyldendal Norsk Forlag AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Bokmål
  • Utgivelsesår

    2020
  • Antall sider

    162
  • Serienavn

    Vinduet
  • Emnekategori

    indekser, sammendrag, Serier, tidsskrifter
  • Kom i salg

    3. des. 2020
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788205542495

Kundeanmeldelser

Frakt og levering