Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Vinduet. Nr. 1 2019

2019, Pocket, Norsk Nynorsk

180,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Årets fyrste Vinduet reiser til Balkan, Midtausten og Svalbard - og sjølvsagt på kryss og tvers av litteraturen.
I denne utgåva av Vinduet kan du mellom anna lese ei nyskriven reiseskildring signert Nils Henrik Smith, og om Carline Tromp si reise i fotefara til den nederlandske forfattaren Arnon Grunberg i Midtausten og Polen. Også fleire av dei andre tekstane i dette nummeret har reisa som motiv, ikkje minst skriv Kåre Bulie og essayisten og reiseskildraren Tor Eystein Øverås, og Ole Robert Sunde skriv om sitt vintereksil på Svalbard.Av andre, meir kortreiste bidrag kan Ida Jackson sin brannfakkel av ein tekst om stoda til den norske ungdomslitteraturen nemnast. Når det vert utgitt så mange vaksenbøker som strengt tatt kunne vore ungdomsromanar, og når det finst så mange ungdomsromanar som hadde fleire lesarar og meir kritisk merksemd, er det på tide å bryte ned skiljet mellom «ung» og «vaksen» i bokhylla, slår Jackson fast.Dessutan skriv Hedda Lingaas Fossum om diktinga til den nyleg avdøde og høgt verdsette poeten Mary Oliver, Anemarie Neple om Tor Ulven sitt forhold til Vinduet på 1970-talet og Kim Klev om tekstforfattaren Kate Bush. Og ja: Jonas Gahr Støre spør norske forfattarar om det neste kapittelet i forteljinga om Noreg.Og meir til - sjå fullstendig innhaldsoversikt her!

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Horvei, Maria (red)
  • Vareeier

    Gyldendal Norsk Forlag AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2019
  • Antall sider

    138
  • Serienavn

    Vinduet
  • Emnekategori

    indekser, sammendrag, Serier, tidsskrifter
  • Kom i salg

    18. mars 2019
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788205526587

Kundeanmeldelser

Frakt og levering