Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Den gong ei reise var ei reise - ein hesteskyss over Strynefjellet i 1900

2010, Innbundet, Nynorsk

248,-

Utsolgt
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
I år 1900 gjorde den nyvalde stortingsrepresentanten Rasmus P. Sindre (1859-1908) og kona Gyda R. Støve (1858-1946) ei reise over Strynefjellet frå heimgarden sin i Markane i Stryn til Otta, der dei skulle ta toget til Kristiania og Stortinget. Reisa med hest og kjerre til Otta tok tre dagar. Medan Sindre og kona gjekk på toget, fekk drengen Endre i Lidene (1842-1918) ein strabasiøs tur tilbake til Stryn. Det var berre med nød og neppe han kom seg over fjellet før vinteren sette inn. Denne boka er ei fri forteljing om reisa, der forfattaren og kunstnaren Magne V. Kristiansen levandegjer ei reise over fjellet seinhaustes for over hundre år sidan. Tidsbiletet anno 1900 er fargerikt og nyansert. Tekst og teikningar tek oss tilbake i tid, og vi vert godt kjende med både motbakkar, uvêr, skysstasjonar og folk reisefølgjet møtte på vegen. Den gong ei reise var ei reise er skrive for alle som er interessert i kulturhistorie. Illustrasjonane er saklege i innhaldet, men eventyret og draumen er aldri langt unna. Magne V. Kristiansen (f. 1960) er lærar og kunstnar, fødd i Vestfold, men busett på Fjelli i Stryn sidan 1987.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Kristiansen, Magne V. (for) ; Kristiansen, Magne V. (ill)
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2010
  • Antall sider

    56
  • Kom i salg

    11. nov. 2010
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788282400282

Kundeanmeldelser

Frakt og levering