Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Hus om natta

2022, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Huset var her frå før. Eg kjøpte det av farfar, og sidan møtte eg A, og då vi var ferdige med å studere, flytta vi etter ei stund inn i det. Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid. Og vi budde i huset med bøkene og bileta. Vi prøvde å flytte inn i bøkene og bileta, slik vi hadde drøymt om. I fargane og bokstavane.

Hus om natta er ei bok med korte prosatekstar og teikningar som handlar om hus, om lys og mørke, om landskap og årstider, dyr og natur, om skyene sine skiftande former og strukturar og alt som veks: tre, buskar og blomster, om møbler, reiskapar, bilete og bøker, om søvnløyse og det å gå i søvne, om ting som kan gøymast, som kan verte borte og forsvinne, og om å leve og arbeide saman og kvar for seg i dei same romma.

Hus om natta er eit samarbeid mellom biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland. Teikningane er frå serien Nattstudier (2017-), laga med fargeblyantar på svart papir. Tekstane har ulike format, frå dikt på få linjer til forteljingar på to-tre sider. Både bileta og tekstane har forteljingar i seg, dei er små forteljingar som ofte faldar seg ut og ber i seg lengre tidsrom.

Anmeldelser av Hus om natta:

"ei vellukka bok om eit par som er kunst. Deira upretensiøse, fredelege liv som går sin vante gang, og samspelet dei imellom er misunningsverdig. Måten han lyttar til stega hennar i huset på, og den stille kommunikasjonen som er opparbeida gjennom tiår saman"
- Åsa Osmundsen Opedal, Numer magasin

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Haugland, Tormod (for) ; Kierulf, Annette (ill)
  • Forlag/Utgiver

    Forlaget Oktober
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    156
  • Emnekategori

    Skjønnlitteratur: generelt
  • Kom i salg

    5. okt. 2022
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788249525607

Kundeanmeldelser

Frakt og levering