Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Fem teaterstykke

2019, Innbundet, Norsk Nynorsk
Medlem 40%
Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Bli kjend med Fosses dramatikk.

Fosse hadde ein ekstrem dramatisk raptus frå tidleg i 90-åra og nesten tjue år fram i tid, og dramatikken hans femner om tjueåtte skodespel, åtte kortare stykke og tre librettoar. Men kva teaterstykke bør ein lese og kjenne til? Kor skal ein byrje?

Jon Fosse har her valt ut fem av dei beste stykka sine, fem stykke som representerer ulike delar av den dramatiske produksjonen hans: Nokon kjem til å kome, Namnet, Draum om hausten, Svevn og Eg er vinden.

Nokon kjem til å kome er det aller første teaterstykket Fosse skreiv. Stykka i denne boka er frå ulike tidspunkt i den dramatiske raptusen, fra. det første stykket Fosse skreiv i 1993, til Eg er vinden, som hadde urpremiere i 2007.

Her får vi både teaterstykke som i det ytre synest som realistiske familiedrama, og tekstar som er meir lyriske, eksperimentelle - nærmast teaterdikt. Jon Fosse har sagt at han skriv om livet, døden, kjærleiken og åndelege sider ved tilværet, og for han handlar dramatikk mellom anna om det usynleges nærvær. Karakterane er ofte historielause og namnlause, språket er kvardagsleg, musikalsk og repeterande.

Boka har eit forord av den finlandssvenske skodespelaren Stina Ekblad.
Her kan du bli ordentleg kjend med Fosses dramatikk!

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Fosse, Jon (for)
  • Vareeier

    Samlagsantikvariatet
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2019
  • Antall sider

    512
  • Emnekategori

    Moderne skuespill (skrevet fra 1900 og fremover)
  • Kom i salg

    28. aug. 2019
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234000584

Kundeanmeldelser

Frakt og levering