Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Sterk vind - eit scenisk dikt

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Fosse-teater med ny vri.

Etter ein pause frå dramatikken på nær ti år skriv Jon Fosse på nytt for teater. Sterk vind er det aller første stykket han skreiv etter den lange dramatikkpausen. Sterk vind er eit scenisk dikt, rollene er Mannen, Kvinna og Den unge mannen. Dei er alle i eit husvære, men kven høyrer eigentleg saman? Mannen kjem heim etter ei reise. Kona har flytt inn i eit nytt husvære, der dei møtest, og det dukkar opp ein ung mann. Også han og kvinna har eit forhold, og han bur visst også i husværet.

Det handlar om tid, kjærleik, sjalusi, høgdeskrekk og dragning mot død, nærast som i ein vond draum. Stykket er umiskjenneleg eit Fossestykke, men samstundes inneheld det noko nytt og annleis, blant anna refleksjon og ein nærast vridd røyndom.

Sterk vind har urpremiere på Det Norske Teatret hausten 2021.

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Fosse, Jon (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Sterk vind
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    75
  • Emnekategori

    Moderne skuespill (skrevet fra 1900 og fremover)
  • Kom i salg

    30. aug. 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234006609

Kundeanmeldelser

Frakt og levering