Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Dønningar

2009, Innbundet, Norsk Nynorsk

298,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Dønningar er Jon Tolaas si tolvte skjønnlitterære bok sidan debuten i 1967. Samlinga spenner vidt, frå dei 22 dikta i Kråkenessuiten som fangar inn eit landskap og eit folk til enkeltdikt som speglar mennesket som ledd i større ikkje-religiøse samanhengar. Som før er tekstane hans freistnader på å finne ut litt meir om kva det vil seie å vere menneske - i Tolaas si særeigne blanding av alvor og skjemt, vakkert og ureint, lyrisk og direkte. Jon Tolaas (f. 1939 ) er lektor og forfattar, med ein omfattande skjønnlitterær forfattarskap bak seg sidan debuten med Gjest i ditt tjeld i 1967. Men for mange er draumeforskaren like kjend som lyrikaren og læraren. Den faglitterære bibliografien hans tel over 20 titlar. I dikta og novellene er det vakre og det ureine blanda på særmerkt vis, i eit spennande mangfald. Eg er ein mann som talar med mange tunger, har han sagt om seg sjølv. Og dette er kanskje den beste karakteristikken av forfattarskapen: alltid overraskande, men alltid med auge for det vakre i det menneskelege.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Tolaas, Jon (for)
  • Vareeier

    Selja Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2009
  • Antall sider

    71
  • Emnekategori

    Lyrikk
  • Kom i salg

    30. mars 2009
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788282400022

Kundeanmeldelser

Frakt og levering