Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Eg bur her no - dikt

2021, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Ei kvinne i trettiåra treffer ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.

Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.

Punktet
Å stå på dette punktet
og sjå strengar bli kryssa, kveila, falda ut
alt som er og alt som blir og ikkje.
Vi kjem til å gifte oss.
Vi kjem til å gå frå kvarandre.
Vi kjem til å gifte oss
og gå frå kvarandre.
Nett her
nett no
er alt like sannsynleg.


Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.

Anmeldelser av Eg bur her no:

Vakre dikt om den desperate lengselen etter å høre til [.] Forfatteren har noe sjeldent her, det å kunne fremstå så hudløs, så i behov for kjærlighet og bekreftelse, uten samtidig å virke kokett, alltid med et flammende håp om varighet og stabilitet
- Fartein Horgar, Adresseavisen
Mest kvart dikt tematiserer kjærleikens makt i eit eller anna tonelag, ljost eller mørkt, og ganske ofte med ei humoristisk vinkling. Skrivemåten hennar er frisk og freidig, noko ein lett kan sjå i dei dikta eg siterer. Og poeten varierer og turnerer emnet sitt så sikkert at det aldri vert keisamt.
- Kjetil Berthelsen, Dag og Tid
En høyst original, varm og klartenkt undersøkelse av lengselens tvetydighet. Les og lær.
- Sissel Gran

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Bye, Kari Anne (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Eg bur her no
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    185
  • Emnekategori

    Lyrikk av en forfatter, Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover)
  • Kom i salg

    9. aug. 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234006272

Kundeanmeldelser

Frakt og levering