Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Haustsong - dikt

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk
  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

Hans Sande debuterte med diktsamlinga Strime i 1969, og i ein rik forfattarskap som omfattar bøker i dei fleste sjangrar, er Haustsong den sjette diktboka. Dikta er sprelske og slagkraftige, prega av overskot og rik fabuleringsevne. Haustsong femner eit livsløp, gjennom leik og arbeid, i sorg, fortviling og glede. Med fyndig humor og eit vake blikk for det omskiftelege i naturen så vel som i menneska, skriv Sande om fødsel og oppvekst, om gaukesyre og stjernehimmel, om ljåslått og skeiseløp, om språkglede og springeglede, om å gå seg vill og å finne heim. Her er dikt om kjærleik og samliv på det beste og på det verste; frå nærleik og sødme til sviande smerteblomar, frå varme kyss til iskald togn. Det er dikt om livet på veg mot ein endeleg slutt, med skildring av den uunngåelege aldringsprosessen og det ukjende som ventar, med dødsangst så vel som dødsro. Forfattaren er alltid på leit etter noko anna og ukjent, og i Haustsong har han funne det.Bokmeldarane meiner:
"Om eg skal nemne to ting eg tenker som typiske kvalitetar ved Sandes dikt, er det for det første at dei er eksistensielt vågale. På sitt beste viser dei livsmot og klokskap. Det andre er at dei ofte kan vere overraskande, gjerne på ein humoristisk måte."
Stein Arnold Hevrøy, Krabben. Tidsskrift for poesikritikk 
"Sande har ein fin diksjon, og eit så sikkert grep om handverket sitt at ein i løpet av mest 100 sider knapt kan ta han for slappe idear eller svake språklege bilete. (...) Det er noko klassisk over Hans Sande si nye diktsamling. Dikta er verkeleg personlege utan å vera private. Og det er dikt som kan stå for seg sjølv me har med å gjera, sjølv om dei òg går opp i ein storstruktur med fem tematisk skilde avdelingar."
Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen 

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Sande, Hans (for)
  • Forlag/Utgiver

    Gyldendal Norsk Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    90
  • Emnekategori

    Lyrikk av en forfatter, Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover)
  • Kom i salg

    3. sep. 2021
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788205559905

Kundeanmeldelser

Frakt og levering