Bramness vågar seg inn i komplekse relasjonar, samansette og uoversiktlege område av livserfaringar, utan at ho kjem ut av dette med enkle løysingar eller eintydige svar. At ho i tillegg har funne eit formspråk som er relativt lett tilgjengeleg, strukturerande og ope for tilfang frå mange kjelder og fleire synsvinklar, gjer det til ei ekstra interessant bok i mine auge. … Imponerande observert, følt og formulert.
- Helge Torvund, Krabbenpoesikritikk.no
Mesterlig om barn og foreldre … Å lese Bramness’ dikt, kjennes som å komme borti høyspentlinjer. Hvordan får hun det til? … Med det åpne, kloke, men dirrende finstemte langdiktet mater Bramness oss med teskje - som en tålmodig mor. Munnfullene smaker passe velkjent, men mest friskt.
- Maria Olerud, Morgenbladet
Det er noko vent og høgst tiltalande ved poesien i boka til Hanne Bramness, kan hende er han også litt unorsk, om det går an å seie. Gjennom brevvekslinga bryt dikta opp eg-monotonien og gjer dikta til noko anna enn vedkjenning. Det er ikkje poesi som freistar å gjere seg vanskeleg. Han er på eit vis enkel, rett fram og likevel undrande. Utan å blotte seg og syne seg fram, legg denne poesien seg tvert om open.
- Sindre Ekrheim, Dag og Tid