Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Horisontar

2007, Innbundet, Norsk Nynorsk

198,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Boka er Finn Egil Eide si fjerde diktsamling sidan debuten med STREIF i 1987. Han har elles vore bidragsytar i fleire andre diktbøker - både med eigne tekstar og med illustrasjonar. Med HORISONTAR tek Eide eit stort steg vidare i si litterære utvikling - samtidig som han held fast i tema og motiv vi kjenner frå tidlegare. Samlinga er sett saman av 53 dikt, delt i 9 bolkar. Identitet, landskap og tid er tre viktige motiv som vert repeterte og spelte ut mot kvarandre i Eide særmerkte veksling mellom konkrete sansingar og filosofiske refleksjonar. Tittelen, Horisontar peikar både mot det nære landskapet og mot grenser for opplevingane våre - men også mot noko som er bortanfor, utanfor det vi umiddelbart sansar. Undringa er såleis eit berande element i Eides dikt. Horisontar er ei samansett, mangfaldig tekst-samling. Eide lukkast godt i å sameine mangfaldet gjennom ein særprega bildespråk, i eit spenn mellom konkrete landskap og samtid - og eksistensielle og mytiske innslag. Med denne samlinga har Finn Egil Eide plassert seg som ein sentral forfattar i den nyare litteraturen i Sogn og Fjordane.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Eide, Finn Egil (for)
  • Forlag/Utgiver

    Skald AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2007
  • Antall sider

    67
  • Emnekategori

    Lyrikk
  • Kom i salg

    27. nov. 2007
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788279591122

Kundeanmeldelser

Frakt og levering