Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Nærast er du når du er borte - dikt i samling

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Ny utgåve, utvida med 50 dikt

Tor Jonsson er rekna som ein av våre mest markante essayistar og diktarar. Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjærleik», skriv Tor Jonsson i eitt av sine dikt. Han har likevel skrive seg inn i norsk litteraturhistorie med eit par av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte».


Nærast er du når du er borte. Dikt i samling inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok for mitt hjarte. I tillegg finn du nokre av dikta han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet.


Tor Jonsson (1916-1951) vaks opp i tronge kår i Lom i Gudbrandsdalen. Jonsson skreiv i alle sjangrar, men det er lyrikk og essays han er mest kjent for. I sitt korte liv rakk han å bli ein etablert forfattar med fire kritikarroste diktsamlingar, i tillegg til skodespel og artiklar.

Anmeldelser av Nærast er du når du er borte:

"Fraseringa og ordbruken er like enkel og brutal som husmannskåra han kom frå. [.] Nærast er du når du er borte [hyser] ein del høvesdikt som Jonsson prenta psevdonymt medan han var journalist og redaktør i dei fyrste etterkrigsåra. [.] Dei avromantiserer biletet av den depressive sjølvmordaren som dikta for æva, og syner ein Jonsson like samansett som A.O. Vinje: Den alvorlege poeten er ein gjøglande bladmann òg.»
- Håvard Rem, Dag og Tid

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Jonsson, Tor (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    267
  • Emnekategori

    Lyrikk av en forfatter, Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover)
  • Kom i salg

    8. jan. 2021
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234004933

Kundeanmeldelser

Frakt og levering