Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Passasjernotat

2025, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

«Evna til å skrive så mykje som muleg på minst muleg plass er eit klassisk kjennemerke for kvalitet, uansett skriftform. I fleire av bøkene sine har poeten Øystein Hauge demonstrert meisterskapen sin i akkurat dette». Det er Tiden Norsk Forlag som skriv. Året er 2010. Og forlaget har nettopp gitt ut samlinga «Stilleben».


Redaktørteksten over kunne like gjerne ha vore nytta som vaskeseddel til årets lune og nære samling Passasjernotat. Å skrive så mykje som mulig. På minst mulig plass.


Gjennom godt over trehundre tekstsider syner forfattaren i denne samlinga fram for for deg det eine litterære lysbiletet etter det andre. Originale og slitesterke, poetiske fotografi, slik vi kjenner dei att frå tidlegare bøker.


Over snart tre tiår har poesien til Hauge vore å finne ikkje berre i boksidene, men også ei rekke stadar i det offentlege rommet. Slik vil du heilt sikkert ha lese ein eller fleire av tekstane hans; Bak på bussar og i trikken. På t-skjorter og i lydinstallasjonar. Som mobilpoesi i samarbeid med Dagbladet. På ferjer, i hotellrom og i sosiale medier. I dagsturhytter og som del av skulpturar. På postkort og i lærebøker i skulen. I eit førtitals diktantologiar.


«Filmatisk og fargerik poesi» var avistittelen då VG meldte samlinga «Fotografi av to som dansar». Ei bok som også vart kåra til «Årets diktsamling» av Dagbladet dette året. Men der boka frå 2005 var beskjeden i omfang, er «Passasjernotat» (lik «Resten av kvelden») blitt ein aldri så liten murstein av ei poesibok. Likevel. Ei diktbok der samtlige tekstar står fram for lesaren i ei minimalistisk, mild og lågmælt form.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Forlaget Metope Hauge
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Emnekategori

    Lyrikk av en forfatter, Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover)
  • Kom i salg

    23. okt. 2025
  • Varenummer

    9788269197549

Kundeanmeldelser

Frakt og levering