Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Siste reisebrev

2020, Pocket, Norsk Nynorsk

299,-

  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

Gyrdir Elíasson (f. 1961) er ein av dei fremste diktarane i sin generasjon i Norden. Han har fått mange prisar, m.a. Nordisk råds pris i 2011 for novellesamlinga Mellom trærne. I 2016 gav Nordsjøforlaget ut eit breitt utval av Gyrdir Elíassons dikt frå og med den spesielle debuten i 1983 til og med Her veks ingen sitrontre frå 2012. Sídsta vegabrefid kom ut i 2016. Dikta der er varsame, men manande brev ikkje frå, men om den endelege reisa, som alltid er undervegs. Diktaren lyttar seg fram, ser etter teikn og finn dei til dømes i sambandet mellom dei særeigne steinformasjonane Hljóðaklettar (ekkoklippene) på Nordaust- Island og koreansk skrift. Men kan tittelen dessutan vere eit uttrykk for at diktet som sjanger vert meir og meir usynleg? Den islandske tittelen tyder òg “det siste passet”. Kan hende ber han i seg eit håp om ei grenselaus verd der ein ikkje treng pass for å ferdast? Også denne gongen er dikta meisterleg gjendikta av Oskar Vistdal.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Lokal vare
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2020
  • Varenummer

    9788292899397

Kundeanmeldelser

Frakt og levering