SKEISEFERD OG ANDRE DIKT av Gerdur Kristny, gjendikta av Oskar Vistdal Skeiseferd og andre dikt er den tredje boka av Gerdur Kristý (f. 1970) som Nordsjøforlaget gir ut. Blodhest kom ut i 2014, eit langt dikt som fortel eddadiktet Skirnes ferd frå jotunkvinna Gerds perspektiv, ho som vart fanga av Frøy og lurt med til Åsgard - framifrå gjendikta av Knut Ødegård. I 2016 ga vi ut diktsuiten Dråpa, som er noko så sjeldan som ei krimdiktbok. Gerdur Kristny vert rekna til dei fremste i den nye islandske litteraturen. Dikta hennar vert omsette til stadig fleire språk, romanane hennar også. Ho har fått mange prisar. Dikta hennar er moderne, ho tek opp tema som reflekterer og kastar lys over samtida, samstundes som ho er særs medviten om og skriv i dialog med den tradisjonelle litteraturen. Dikta er korthogne, klingande og ofte visjonære. I Skeiseferd og andre dikt vert vi tatt med på ei ferd over indre og ytre djup. Landskapa i dikta hennar er levande, og ofte litterære og mytologiske