Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Soldråpar

2011, Innbundet, Norsk Nynorsk

249,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Arne Torget vart fødd ved eit uhell som attpåklatt, yngst av fire søsken i 1966. Han har alltid vore opptatt av språk og ord. Mest ord. Korleis ord kan stablast saman og få meiningar som ikkje andre har tenkt på, som ein verbal kreativ lego. Han har alltid likt å underhalda, få folk til å le. Med raudt hår og fregner og lopper i blodet og ein dose melankoli i sinnet har denne underlege skruen gått sine eigne vegar. Når kompisane prioriterte rock og fotball tidleg på -80 talets Husnes prioriterte unge Torget kulestøt og poesi. Ikkje nett det som gjekk heim hos jentene i 1982. Han debuterte med det vidgjetne diktet Tollaren Bjarte i Husnes Ungdoms-skule si skuleavis i mars 1980. Han har reindyrka den rå upolerte poesien som kan vera stygg og vakker på ein gong. Han har vore husdiktar i lokalavisene Kvinnheringen, Sunnhordland og Grenda der han har skildra kvardagen i lokalsamfunnet med alternative vinklingar. Dette resulterte i 2 bøker og eit julehefte på -90 talet saman med teiknaren Trygve Hansen, som og har bidrege med illustrasjonar i Soldråpar. Etter å ha blitt lurt inn på det store merkelege samfunnet Facebook har han brukt sine observante eigenskapar til å krydra kvardagen til sine medfylgjande vener. Dei korte positive vitaminpillene vart så godt mottekne at nokon ville ha det i ei bok. Om du les dette held du sannsynlegvis resultatet i handa di, ven. Finn dine favorittbitar, og nyt dei når det passar. Du treng ikkje lese alt på ein gong.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Torget, Arne (for)
  • Forlag/Utgiver

    Kapabel Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2011
  • Emnekategori

    Lyrikk
  • Kom i salg

    22. nov. 2011
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788281630413

Kundeanmeldelser

Frakt og levering