Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Storegut

2000, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Aasmund Olavsson Vinje ( 1818 . 1870 ) var forfattar, bladmann og jurist. Med djup forankring i det folkelege og brei interesse for kulturelle og politiske straumdrag i utlandet, hadde han eit perspektiv som både lokalt og globalt. Vinje nyttar fleire ulike sjangrar : dikt, forteljingar, essay, artiklar, kåseri, kommentarar og reiseskildringar. Diktverket Storegut kom ut i 1866, og er eit av dei største arbeida til Vinje, og eit klassisk verk i den norske bokheimen. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå . Det syng fyr Storegut . :

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer; for um eg søver, eg um deg drøymer. Um natt og dag er du like nær, og best eg ser deg når myrkt det er.

Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700 . talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Det var Vinje som gjorde Storegut kjent utanfor lokalmiljøet, og mange kunstnere har seinare late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.

Lokalhistorikaren Richard Berges kritiske kommentarar til Storegut .verket var første gong trykt i Syn og Segn i 1906, og er med i denne utgåva.

Utgåva er trykt i Vinjes eiga målform. Innleiing av Åsulv Edland.

15. utgåva


Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Vinje, Aasmund Olavsson (for) ; Kihle, Harald (ill) ; Sørensen, Henrik (ill) ; Berge, Rikard (med)
  • Forlag/Utgiver

    Samlagsantikvariatet
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2000
  • Antall sider

    159
  • Emnekategori

    Klassisk lyrikk skrevet før 20. århundre, Lyrikk av en forfatter
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788252154771

Kundeanmeldelser

Frakt og levering