Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Austvestpassasjen - roman

2024, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris 2024!Frykt og avsky i Japan. «Ein gong hadde eg høyrt eit kvinneskrik i korridoren på eit love hotel. Lyden kom frå eit av romma. Ho blir drepen, hadde eg tenkt. Det var ingen tvil. Vi må redde ho, nesten ropte eg til Ayame, men ho lo berre. Hjelp er det siste ho treng, flirte ho og låste opp døra til rommet vårt. Men tanken på skriket sleppte ikkje taket, sjølv ikkje då vi låg med kvarandre.» Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leilegheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp, tek til å krakelere. Etter kvart som menneske, naturkrefter og uforklarlege fenomen forstyrrar isolasjonen hennar, får ho stadig større problem med å halde omverda på avstand. «Austvestpassasjen» er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske. Om daglege trugsmål som får naturkreftene til å bleikne.

Anmeldelser av Austvestpassasjen:

Det er nettopp i språket Kjærsteins styrke ligger, i de mange klare bildene og den vakre flyten.
- Cathrine Krøger, Dagbladet
Kjærstein faldar ut forteljinga i ein svært god prosa ... Legg til at Kjærstein også leikar seg med førestillingar om det eksotiske, og utanfrå-blikket på stadar, enten det er Sykkylven eller Kyoto, (...) så bør det vere klart at dette er ein rik debutroman.
- Helene Hovden Hareide, Klassekampen
Historia ... er umiddelbart fengande og går føre seg i eit fysisk og emosjonelt landskap ein ikkje så alt for ofte har kunna lesa om i norsk skjønnlitterær samanheng.
- Live Havro Bjørnstad, Norsk Tidend
[Ingvill Kjærstein har] eit uvanleg godt språk, som mang ein debutant kan misunne henne. Det er presist, det fangar detaljen, har blikk for det komiske i dei små situasjonane, og det formidlar kunnskap om daglegliv i Japan i bisetningar. Og ettersom språket er sjølve grunnlaget for ein forfattar, er det all grunn til å følgje Kjærstein vidare i forfattarskapet.
- Marta Norheim, Morgenbladet

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Emnekategori

    Moderne litteratur, Narrative emner: indre liv
  • Kom i salg

    19. feb. 2024
  • Varenummer

    9788234011252

Kundeanmeldelser

Frakt og levering