Stillaste jenta
Kva skjer med eit lite barn som skjønar at heimen er farleg? Men så er det ingen som forklarar, som ser og spør? Kva hender når barnet er blitt vaksen og endeleg prøver å setje ord på det som skjedde? Det ingen ville snakke om?
«Boka som ingen får lese» av Venke Guldis Pilskog (60), er ei sann historie om å vekse
...Les merRead more about review stating Stillaste jentaopp i skuggen av ei valdshandling. Forteljinga er hennar første roman, og er på 158 sider.
Det utenkjelege hende. Eks-kjærasten til mora, drap ei ung jente i bygda. Forfattaren som var ni år og systera på sju og eit halvt, visste at noko var frykteleg gale. Men ingen vaksne tok tak. Konsekvensane av dette, har vore store for Venke til langt opp i vaksenlivet.
Ho skildrar første barndomen på Digerneset i Ørsta som trygg og god, med granneborn og vaksne som heldt saman. På småbruket, var ankeret den sterke og tydelege bestemora Rakel og onkelen Reidar. Portrettet av onkelen, er gull verd. Dei to små systrene fekk glade og sutlause vere med i mykje gardsarbeid. Venke har alltid skrive for seg sjølv, sidan ho lærte lese, men brende oftast papira. Litt seinare, tok ho til å skrive i hemmelege dagbøker. Boka er delt i to. Først opplevingane som barn -, ho formidlar med klar barnestemme.
Forfattaren skriv om livet etter drapet, mangelen på forklaringar, om barnepsykiatri og institusjonar, om skulebyte – og om kroppen som hugsar det hovudet prøver å gløyme. Den svært kjenslevare, tenkjande, fantaserande og drøymande vesle Venke, var alltid full av spørsmål, men forstod tidleg at ingen ville svare. Ho har hatt sterk trong om å vere ei meir open, fri og samtalande jente enn henne ho fekk bli. Ho ville inst inne vere ei heilt anna enn etter at ho ni år gammal, fraus heilt til. Venke vart stappfull av så sterk skuldkjensle, skam og redsle at det mest heile resten av livet, mykje har handla om å kjempe. Mellom anna ved å skrive for livet eller døy. Ingen skulle lese!
Den indre stemma endrar seg også frå djup fortviling til litt optimisme. Stemmene i språket svingar heile tida, før det går berre oppover.
Mykje tekst er bygd på tidlegare dagbokskriving. Korte presise setningar, svært detaljerte og observante skildringar. Romanen er lettlesen, svært spennande og lærerik, også for dei som ikkje veit om den mest kjende kriminalsaka i Noreg til då. Tema er minst like aktuelt i dag. Og ein fin tidsstudie av ungdoms- og vaksenliv i Ørsta på 70- og 80-talet. Lesarane får vere med på det forferdelege vendepunktet i 1974, den årelange og svært krevjande kampen etterpå, med enda fleire vendingar, for til slutt prøve å samle krefter til å våge å opne opp, langt, langt der framme. Ho fortel om korleis ho etter hardt og smertefullt arbeid, fekk tak i seg sjølv og sitt eige liv.
På innsida av permane i den delikate boka, er bilde av historiske avisutklipp. Romanen er utgitt i samarbeid med Skriveakademiet og betalt av Venke sjølv.
Som ungdom haika ho hovudlaust med ein. Ho angra med ein gong, og spurde bilføraren kvifor han tok henne på? Han svarte at sidan «Antonsen-saka», tek eg alltid på haikarar. Ynskjer ikkje fleire drap her».
Venke har vist seg å vere svært sterk som har stått i det, trass i all motgangen. Ho har fire støttande born, er utdanna sjukepleiar, men arbeider i dag som fotterapeut. Boka understrekar kor viktig det er å vere open og ærleg om nære utfordringar, ikkje minst med born. Med boka som Venke har mange av, ynskjer ho no å hjelpe andre med vanskelege livshendingar. Venke vil skape tryggleik, ro, fred og harmoni.
Etterord
Som ung handarbeidslærar ved Ørsta ungdomsskule i 1977 og framover, såg eg Venke svært godt. Heilt tydeleg hadde ho tungt å bere, og eg uroa meg. Dessverre var eg ikkje trygg og hadde eg ikkje kunnskap nok til verkeleg å prøve trenge gjennom «panseret» hennar og ta tak. «Alle» visste og dei det handla mest om, opplevde blikk og slarv, men ikkje så mykje direkte deltaking.
Eg har tenkt mykje på Venke, systera og mora. Men også familien med jamaldringar som eg «kjende». Dei opplevde det aller verste: å miste ei dotter og syster på 12 år, Hadde dette fæle hendt i dag, hadde kommunen sett krisestab med ein gong.
Heilt tilfeldig møtte eg Venke att som fotpleiar ved Volda omsorgssenter. Ho hugsa meg og fekk stor tillit. Vi har så fått ha nære, byggjande og djupe samtalar om livet og bokprosjektet. Eg fekk æra av å få boka først, lese i ein jafs og melde.
Marie Egset Haug Les mindreRead less about review stating Stillaste jenta