Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Dagbok frå eit tomrom

2026, E-bok, Nynorsk
Terningkast 6
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Humoristisk og utfordrande debut frå Japans nye litterære stjerneskot.

Ettersom ho  er einaste kvinne på kontoret, blir det venta av Shibata at ho gjer alle dei kjipe arbeidsoppgåvene ho aldri har bedt om. Ein dag får ho nok og seier at ho ikkje kan vaske dei brukte kaffikoppane til kollegaene lenger fordi ho er gravid og ikkje toler lukta. 

Gravide Shibata treng ikkje servere kaffi til nokon. Gravide Shibata treng ikkje jobbe overtid. Gravide Shibata ser på TV, tek lange bad og blir med på aerobictimar for framtidige mødrer. Det er berre det at Shibata ikkje er gravid, og no har ho ei ni månader lang løgn å oppretthalde.
Med svart humor og presis samfunnssatire skildrar Dagbok frå eit tomrom korleis ei kvinne må dikte opp ein graviditet for å bli sett og respektert.

Dagbok frå eit tomrom vart kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker og vann den prestisjefulle debutantprisen Dazai Osamu i Japan. 

Frå japansk ved Ingvill Kjærstein.

Anmeldelser av Dagbok frå eit tomrom:

6
Den japanske forfattaren Emi Yagi har skrive ei bok som har alt: Ei overraskande forteljing, summande godt språk, filosofiske innslag og skarp samfunnskritikk.
- Hanna Marie Haug, Framtida
Debut­boka til japanske Emi Yagi byr på snerten samtids­kritikk ... Ingvill Kjærstein har gjort ein ypparleg jobb med å hente fram bokstav­rimande norske ord som sam­stundes under­byggjer dei rytmiske rørslene til maskinene ... Underkommunisering av humor og lengt gjer at ein må lese grundigare. Og gjer ein det, ligg det langt fleire nivå her enn kva den nøkterne stilen skulle tilseie.
- Anne Cathrine Straume, NRK
[Dagbok frå eit tomrom] - oversatt til framifrå nynorsk av Ingvill Kjærstein - balanserer syrlig samfunnskritikk og eksistensielle spørsmål med deilig bekmørk humor. […] Kan leses på en helg - eller når du bare trenger å tenke litt andre tanker.
- Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv
Ideen er briljant [...] svært solid oversettelse av japanske Emi Yagis kritikerroste prisbelønte debutroman «Dagbok frå eit tomrom»
- Even Teistung, Klassekampen
Briljant satire ... Boka etterlèt meg oppstemt, språkleg lukkeleg og djupt informert. Romanen blei kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker og vann den prestisjefulle debutantprisen Dazai Osamu i Japan. No håpar eg òg at Ingvill Kjærstein får ein pris for den framifrå, ledige og samvitsfulle omsettinga si. Det konvensjonsbrytande etterordet hennar burde også fått ein pris.
- Ingvild Bræin, Dag og Tid
Emi Yagis samfunnskritikk er sylskarp... [For] i et individualistisk samfunn der ensomheten rår er det også enklere å lyve. Ingen kommer inn i hjemmet ditt og sjekker, ingen følger egentlig opp. At Emi Yagi lar denne kritikken komme frem mellom linjene er flott gjort. Hun får også frem det paradoksale med at vi lever i et samfunn der så mange er ensomme.
- Live Lundh, Morgenbladet
romanen er absolutt en god blanding av letthet og alvor, av en snurrig historie og et kritisk blikk på kvinners vilkår i Japan. [...] En stund framstår romanen som en avlegger til Bridget Jones-sjangeren; en lettbeint fortelling om en singel, passe ung kvinne, med en passe inspirerende jobb. Komikken er dempet tilstede, og ligger i hvor helhjertet Shibata stuper inn i graviditeten.
- Maya Troberg Djuve, Dagbladet

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Yagi, Emi (Forfatter) ; Kjærstein, Ingvill (Oversetter)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Kūshin techō
  • Utgivelsesår

    2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234013621

Kundeanmeldelser

Frakt og levering