Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Dama med hunden - og andre forteljingar

2020, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg. Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte. Utvalet i denne samlinga er omsett av Geir Pollen (f. 1953). Han er forfattar og omsetjar, opphavleg frå Målselv i Troms, men har dei siste tolv åra budd i Russland og undervist ved universiteta i Sankt Petersburg og Moskva. Frå sommaren 2020 er han busett i Oslo. Pollen har skrive og omsett ei rekkje bøker i ulike sjangrar, både på nynorsk og bokmål, og skriv også litteraturkritikk. I 2004 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing for Austerlitz av W. G. Sebald. Anton Pavlovitsj Tsjekhov (1860-1904) er eit av dei store namna i russisk litteratur. Prosaen hans har vore med på å forme den moderne litteraturen og påverka forfattarar som Ernest Hemingway, James Joyce og Virginia Woolf. Hans enkle, korthogde og tidlause stil i tekstar som dreier rundt det eksistensielle i menneskelivet, vekte stor interesse hos dei som var med på å utvikle den moderne short story-sjangeren.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Skald
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2020
  • Emnekategori

    Klassisk litteratur, Noveller
  • Kom i salg

    1. apr. 2020
  • Varenummer

    9788279593034

Kundeanmeldelser

Frakt og levering