Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Dei vaksne

2026, E-bok, Nynorsk
E-bok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. E-boka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
Ein gong då eg var barn, slo eg til ein vaksen mann. Han var ikkje ein slik fyr ein slo til, eg var ikkje ei slik som slo, og så slo eg til han, med flat hand over fjeset, slik eg hadde sett damer gjera på gamle filmar, i såpeseriar, med handflata, hardt, eg heldt ikkje tilbake.
Anette reiser heim for å gå på gjenforeiningsfest med klassen frå ungdomsskulen. Ho har slutta i jobben og slått opp med sambuaren, og i dagane fram mot festen skal ho bu hos Betzy, ein gammal nabo som ein gong var som ei mor for henne. Gjensynet med heimbygda vert eit brutalt møte med ei fortid som er like umogleg å hanskast med som notida, der gapet mellom korleis folk framstår og kven dei eigentleg er, verkar uoverstigeleg.
Dei vaksne er ei forteljing om makt, vald og konsekvensane av ubearbeidde erfaringar, ein rå og original roman om å frigjera seg frå fortida, fortald med språkleg overskot og skakkøyrd livslyst.

Eli Fossdal Vaage (f. 1984) bur i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen og debuterte i 2014 med diktsamlinga Hekla myter, og i 2019 kom Estalåni, den andre diktsamlinga hennar. For desse fekk ho Bokhandelens forfatterstipend. I 2021 utga ho novellesamlinga Grå hoppe. Dei Vaksne er den første romanen hennar. 

Anmeldelser av Dei vaksne:

«Vaage er svært god til å skape fortetta scener og rå eller famlande dialogar. Humoren ligg der heile tida, den er også rå.»
- Marta Norheim, Morgenbladet
«Skyld og skam, sadisme og råskap råder grunnen i 'Dei vaksne' – en mørk, foruroligende, svært velskrevet roman som virker psykologisk overbevisende.»
- Nina Kraft, Samtiden

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Bonnier norsk forlag
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Utgivelsesdato

    24.04.2026
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788234719639

Kundeanmeldelser

Frakt og levering