Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Der det finst fuglar - roman

2020, E-bok, Norsk Nynorsk
Terningkast 6
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Ein litterær pageturner.

«Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.

For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven?

«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor.

Frå dansk ved Ingvild Holvik.

Anmeldelser av Der det finst fuglar:

6
"Maren Uthaug har fanget en spesiell stemning i boka, og hun har klart å beskrive følelser og fornemmelser som kan oppstå etter lang tid i isolasjon slik beboerne på fyret opplevde. [...] Til leserne som ønsker en intenst velskrevet bok som river deg vekk"
- Solgunn Solli, Altaposten
"Dansk-norske Maren Uthaug har brukt fyrtårnet til å skrive en sidevender med ingredienser som ulykkelig kjærlighet, store stygge hemmeligheter, gudsfrykt, incest, uheldige graviditeter og barnedrap."
- Katrine Judit Urke, Dagbladet
"Maren Uthaug har skrive ein drastisk og medrivande roman [...] .Der det finst fuglar. er ein roman som verken slurvar med spenningskurva eller med tidsbildet. "
- Marta Norheim, NRK
"At det har vært godt romanstoff i historiene i Maren Uthaugs familie er det ikke mye tvil om. Heller ikke at hun har et spesielle litterært talent, som foredler historiene på en fremragende og svært leservennlig vis. For dette er en saftig, mørk materie"
- Ole Jacob Hoel, Adresseavisa
«"Hun lar de tre sentrale karakterene i romanen fortelle historien fra sitt ståsted. Det er en komplisert øvelse, som i dette tilfelle fungerer fint."
- Turid Larsen, Dagsavisen

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2020
  • Emnekategori

    Historiske romaner, Slektsromaner
  • Kom i salg

    3. mars 2020
  • Varenummer

    9788234000836

Kundeanmeldelser

Frakt og levering