Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Det uferdige huset - roman

2020, Innbundet, Norsk Nynorsk
  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I Det uferdige huset har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg.

Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Hauge-
gardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn.
Alle endrar seg, også dei døde, tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg. Men kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst?

Det uferdige huset er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og kunstnarkall.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Vaage, Lars Amund (for)
  • Forlag/Utgiver

    Forlaget Oktober
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2020
  • Antall sider

    361
  • Emnekategori

    Historiske romaner, Skjønnlitteratur som skilderer familielivet
  • Kom i salg

    30. okt. 2020
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788249522736

Kundeanmeldelser

Frakt og levering