Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Diskursteori for barn og fulle folk - roman

2022, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-7 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Kampen mot konkurransesamfunnet.

Jordmor Arne Fjørtoft meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande fotballsupporter. Det irriterer han derfor grenselaust at alle stadig prøver å endre han.

Både på jobb og på heimebane møter Arne unge menneske som er besette av å konkurrere og effektivisere, og som ser på han som ein trussel mot omdømmet til familien og fødeavdelinga. Irritasjonen toppar seg då den nye avdelingsleiaren prøver å gjere han til ein betre kundebehandlar. Arne nektar å tilpasse seg. Han går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere, og med seg på laget får han etter kvart ein energisk gjeng i festhumør.

Anmeldelser av Diskursteori for barn og fulle folk:

Romanen er godt tima på fleire vis. Ein ting er at det å ta seg ein fest, faktisk kjennest som ei lita opprørshandling i desse dagar. Ein annen er at Brann sitt spektakulære nedrykk frå Eliteserie førre sesong, har gjort dei til eit flammande symbol på at det som ikkje er særleg konkurransedyktig, likevel kan vere verdt å via tida og livet sitt til. For tid er trass alt ikkje pengar, og livet er ikkje ein konkurranse.
- Eivind Myklebust, Klassekampen
Det er Arne som sjølv fortel romanens historie og historier, frå fødestova og avdelingsleiarens paranoid krenka oppleving av at han vil bryte henne ned (som ho kallar det), til nabolaget og kjenningars (etter kvart endra) forhold til han og familien, ein arbeidar som seier opp jobben og flyttar inn i hagen hans, vidare til ein gründer som ser fortenestepotensialet i Arne og familien sin kontrære livsstil. Det er alt saman opphav til mange artige episodar og forteljingar.
- Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Diskursteori for barn og fulle folk dyrker det uhøytidelige og lekne, både i innhold og tone. Berge skriver lett og muntert, og det oppstår flere oppriktig fornøyelige sekvenser i jordfar Fjørtofts beretning
- Leif Bull, BLA
ein god og morosam roman, der handlingane er snodige, men drøftinga av faktiske fenomen ligg på eit høgt intellektuelt nivå. Ved å lesa denne boka får ein i pose og sekk, og det lyt ein vere takksam for.
- Odd W. Surén, Dag og Tid

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Berge, Atle (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    237
  • Emnekategori

    Moderne litteratur, Narrative emner: sosiale spørsmål, Skjønnlitteratur som skilderer familielivet
  • Kom i salg

    14. jan. 2022
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234007255

Kundeanmeldelser

Frakt og levering