Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Døden i Venezia - og to andre noveller

2025, Fleksibind, Nynorsk

272,-299,- i butikk

Terningkast 6
På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

Thomas Manns verk er rekna blant dei fremste i verdslitteraturen, og novellene hans står ikkje tilbake for romanane. Kvar av dei tre novellene i denne boka er rekna som meisterverk innanfor novellekunsten. Her utforskar han samfunnet, menneskepsyken, kjærleiken og kjønnsidentitet.

Døden i Venezia (1911) er Manns mest lesne novelle, og er eit av dei mest refererte verka i seinare litteratur, film og teater. Ho tematiserer forfallets estetikk, og korleis dragninga mot det vakre kan føre til undergang. Tonio Kröger (1903) er ein sjølvbiografisk kunstnarroman i miniatyr. Mario og trollmannen (1930) skildrar ein hypnosekunstnar som manipulerer menneska med talekunst – eit litterært varskurop frå 1930 med skremmande aktualitet i dag.

Mann kombinerer psykologisk innsikt og filosofiske og eksistensielle spørsmål med ironi og ein elegant og symbolmetta forteljarstil. Han var høgt akta blant forfattarar i samtida, og han har hatt stor påverknad på både forfattarar, filmskaparar, musikarar og andre kulturarbeidarar internasjonalt, som Woody Allen, Philip Roth, Haruki Murakami, Alice Munro eller Christian Kracht.

I 2025 er det 150 år sidan nobelprisvinnaren frå 1929 blei fødd. Dette vil bli markert både i hans heimland Tyskland og her i Noreg.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Anmeldelser av Døden i Venezia:

6
«I Geir Pollens oversettelse trer de poetiske og emosjonelt kraftfulle kvalitetene i Manns skrift tydeligere frem enn tidligere. […] Også novellene «Tonio Kröger» og «Mario og trollmannen» er inkludert i Skald forlags sedvanlig lekre og kvalitetsbevisste bokutgivelse. Valget med å sette disse novellene sammen med «Døden i Venezia» er svært klokt.»
- Joakim Randa Berthelsen , Bergens tidende
6
«Den ultimate sommar­boka. […] Får ikkje denne boka ein av årets litterære prisar for beste omsetjing, blir eg overraska. […] Eg trur ikkje eg tar for hardt i når eg seier at kvart einaste avsnitt i denne boka overgår det meste av det du vil kome borti av litteratur elles i år.»
- Knut Hoem, NRK
«Enten du faktisk skal til Venezia eller bare drømmer om å reise dit, vil denne vakre og urovekkende fortellingen om kunst, begjær og forfall passe perfekt til en lat sommerdag på stranden.»
- Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG
«Denne nydelige versjonen, som ga meg en duggfrisk opplevelse av den gamle perlen, er også publisert i bokform sammen med to noveller, Tonio Kröger (1903) og Mario og trollmannen (1930).»
- Ingunn Økland, Aftenposten
«Dette er ei storarta ny norsk omsetjing av tre heilt klassiske Mann-tekstar! […] Ja nettopp, dette er Skalds på alle måtar verdige markering av nobelprisvinnarens 150-års-jubileum. For som mange av oss no veit, er bøkene Skald gir ut både vakre, gode å lese på den gamaldagse måten, og i tillegg viktige. Her er det kvalitet i alle ledd.»
- Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Skald
  • Format

    Fleksibind
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Der Tod in Venedig ; Tonio Kröger ; Mario und der Zauberer
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    270
  • Serienavn

    Skalds klassikarar
  • Utgivelsesdato

    03.03.2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788279593867

Kundeanmeldelser

Frakt og levering