Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Etter Sapfo

2026, Innbundet, Nynorsk
Fri frakt
Forhåndsbestilling – forventes i salg 17.04.2026
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
«Kva vi ville ha? Til å begynne med det halve befolkninga hadde fått berre ved å bli født.»

Etter Sapfo tar oss med på ei reise der vi utforskar kvinneleg fridom, kunst og kjærleik. Som ein leietråd, både for kvinnene vi møter og for oss lesarane, går fragment av poesien til Sapfo, den store lyrikaren frå det antikke Hellas.

Fortald gjennom eit kor av ulike stemmer er romanen ei gledefylt nytolking av livet til fleire framståande feministar, kunstnarar og forfattarar frå førre hundreårskiftet. Lina Poletti, Virginia Woolf, Sarah Bernhardt, Colette, Gertrude Stein og Josephine Baker er blant dei mange kvinnene som deler sidene i denne romanen. Dei kjempar for kontroll over eige liv, for frigjering og rettferd – eit eige rom. 

Romanen er ein hyllest til, ei påminning om og ei lovprising av det skapande rommet. Heftig, lysande, frodig og poetisk, rasande og morosam. Selby Wynn Schwartz har skapt ei forteljing som hyller fortidas kvinnelege pionerar og kunsten deira – og som gir håp for både samtida og framtida vår.

Boka er omsett av Oda Malmin.  


«Andelaust, sanseleg vakkert … Noko nytt og nødvendig.»
Guardian
 
«Etter Sapfo er eit behageleg og mektig rom å vere i. … ei hyllest til, ei påminning om, ei lovprising av det eigne rommet. Sapfos Lesbos, Virginia Woolfs rom. Det skapande rommet, det skeive rommet. Den frie tankens rom, danningsrommet. Alle dei romma som vi – ja, vi, kvinner framleis treng.»
Expressen
 
«Etter Sapfo oppnår det berre den rausaste kunsten får til: å skape ei meir fullkommen verd av det ufullkomne i vår eiga. … Eit verk av gripande geni, ein katalog over nærleik og nyvinningar, begjær og draumar.»
Washington Post
 
«Etter Sapfo er ei bok som bør nytast langsamt, som ein praktfull solnedgang – sjølv om ho roper mot nattas uunngåelege mørke.»
Boston Globe
 
«Ein strålande debutroman. ... Schwartz’ skildring av kva som skjer vidare, når hovudpersonane set seg opp mot undertrykking, seier mykje om kampen deira – og ho skaper sjølv eit kunstverk med denne uimotståelege forteljinga. Eit forbløffande verk.»
Publishers Weekly
 
«Ei unik bok som rommar rettferdig harme like naturleg som lyrisk fridom og glede.»
Guardian, Books of the Year
 
Blant årets beste bøker hos BBC, Guardian, New Statesman og Independent.

Anmeldelser av Etter Sapfo:

Denne boka har jeg et nesten hellig forhold til. Den er så deilig, skamløst lesbisk.
- Siri Lindstad , -

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Schwartz, Selby Wynn (Forfatter)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    After Sappho
  • Utgivelsesår

    2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234014338

Kundeanmeldelser

Frakt og levering