Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Flog - roman

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

«Hald inn rumpa når du går, ropar farmor, sjå på meg! Mi rumpe er flat og fin, ser du? Eg går og held inn rumpa heile tida, og det skal du og gjere!»

Dagne vil at farmora skal like henne, men det er lettare å springe ifrå Marken-brørne, enn det er å gjette kva farmora tenker. Tida står stille i kafeteriaen der Åsta jobbar. Ho hatar gjestane og vil reise ifrå alt. Fred drøymer om å bli rik. Han håpar framleis på å møte igjen faren som vart borte då han berre var elleve.

Frå tre forskjellige generasjonar får vi høyre forteljinga om foreldre, barn og barnebarn, og om korleis fattigdom og vald pregar liva deira, og den dei er. Dei klarar ikkje å snakke med kvarandre - men kanskje kan dei møtast likevel, på tvers av tid og rom?

I romanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som forbinder foreldre og barn. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin?

Dordi Strøm (f. 1971) er frilans scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i dag i Oslo. Flog er hennar første bok.

Anmeldelser av Flog:

.Flog. er ein uvanleg sterk romandebut om korleis vald går i arv [...] Skam, einsemd og ein vaklande evne til å snakke om kjensler sildrar ut av boksidene i denne romanen, som er intens og originalt komponert.
- Anne Cathrine Straume, NRK
«Fin debut [...] De til dels rystende hendelsene som har formet livet til personene, legges fram med nøytral stemme som ikke feller dom over dem, og det er fint utført. På den måten løftes blikket til leseren slik at man ser handlingene i et større bilde, og ikke som noe som er helt og fullt karakterenes ansvar»
- Maria Årolilja Rø, Adresseavisen
Beinhard sosialrealisme i kunstnarisk form [...] ein godt over gjennomsnittet moden debut.
- Maria Horvei, Klassekampen
«Jeg håper debutanten Dordi Strøm fortsetter å skrive, og at det ikke går 50 år til neste bok, for hun ordformer så vidunderlig veldreide setninger, knappe i stilen. Hun bruker ei linje eller to der andre ville pjattet i vei i sidevis.»
- Steinar Brandslet, Stavanger Aftenblad

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Strøm, Dordi (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    324
  • Emnekategori

    Fattigdom og arbeidsledighet, Moderne litteratur, Narrative emner: sosiale spørsmål, Skjønnlitteratur som skilderer familielivet
  • Kom i salg

    5. feb. 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234002366

Kundeanmeldelser

Frakt og levering