Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Første losebok - naturanto

2021, Pocket, Norsk Nynorsk

409,-449,- i butikk

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Ascendere Promoveo er utnemnd til Grøntidslos. Han skal leia menneskja ut av dei store katastrofane og inn i tida då me lærer oss å leva i tett samspel med den produktive naturen. Men korleis ser eigentleg det naturnære menneskesamfunnet ut? Dette er det overordna temaet for Losebøkene. Til å hjelpa seg med det enorme oppdraget, hentar Ascendere inn nokre av dei fremste tenkjarar i verdshistoria. Dei kjem frå i dag, i går og i førgårs. Saman slår dei seg ned blant småbrukarar og fiskarbønder i eit lite, vestnorsk øysamfunn. Med boblande natur og folkeliv i Øyriket som bakteppe, søkjer Grøntidslosen og hans særs brokete gjeng av medarbeidarar svar på kvifor Katastrofetida kom, og på korleis langvarig fred og samarbeid med Mor Natur kan sikrast for framtida. Ingen etablerte «sanningar» om mennesket sitt tilvære på jorda er trygge for denne lystige og kreative gjengen. Og ingen utfordringar er for store. Eit ekte grønt skifte kjem ikkje ved å byggja ned natur for å redda klimaet. Det kjem først når Homo sapiens innser at han ikkje har større rettar til verken areal eller naturen sine overskott enn det andre artar har. Gjennom Losebøkene blir vårt erobrande og haustande forhold til liv og landskap snudd på hovudet, og eit nytt vesen trer fram: Homo satorem. Det såande mennesket.

I Første Losebok lærer du Naturanto; kunsten å kommunisera med andre artar. Du lagar også vegkart til framtida, forelskar deg i høymol, og får endeleg vita svaret på kvifor det potensielt mest byggjande og skapande av alle vesen blei det motsette, det mest øydeleggjande. Som om ikkje dette var nok, møter du den unike Komledarreskviken på Skvalpisku, lærer om musikk- og festpotensialet i daud fisk, og blir invitert til middag på vertshuset Tåskahåve.

Losebøkene høver ikkje innanfor nokon etablert sjanger. Her møtest fantasien, prosessfilosofien, idéhistoria, mold- og naturinnsikta, humoren og alvoret, mystikken, antropologien og, ikkje minst, nyskapin

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Lønning, Dag Jørund (for)
  • Forlag/Utgiver

    Lønning Nyskaping
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    243
  • Emnekategori

    Dystopier og utopier, Klimaendringer, Sosiale konsekvenser av miljøproblemer
  • Kom i salg

    4. nov. 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788299779661

Kundeanmeldelser

Frakt og levering