Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Framom døden

2021, Fleksibind, Nynorsk
På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

«Framom døden» skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv. Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider.

Faulkner skreiv romanen i løpet av nokre få veker i byrjinga av 1930-åra. Då var forfattaren inne i ein svært skapande periode, der han med hell freista nye stilleie og nye vegar innan modernismen. Bøkene er prega av medvitsstraum hos karakterane (stream of consciousness), skiftande perspektiv og sterk stilistisk eksperimenteringsvilje. "Framom døden" er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Anmeldelser av Framom døden:

Sivert N. Nesbø har omsett romanen til framifrå nynorsk. Ordtilfanget er rikare enn i dei fleste samtidsromanar i dag, og språket gir både valør til dei ulike forteljarstemmene og kontinuitet til forteljinga.
- Alf Kjetil Walgermo, Vårt land
Romanen er medrivande grufull og morosam. [.] Skildringane er så taktile og handgripelege, sjølv når dei sporar ut i det metafysiske eller uforståelege.
- Eivind Myklebust, Klassekampen Bokmagasinet
Det er på ein måte mellom orda hendingane ovrar seg. Likevel er det språket som gjer denne dødsreisa mest skakande, ikkje minst i den glitrande omsetjinga av Sivert N. Nesbø. Det rike vokabularet hans får fram dei finaste nyansane i teksten og lyfter hendingane opp til det tidslause.
- Odd W. Surén, Dag og tid

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Nesbø, Sivert N. (Oversetter)
  • Forlag/utgiver

    Skald
  • Format

    Fleksibind
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    As I lay dying
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    257
  • Serienavn

    Skalds klassikarar
  • Utgivelsesdato

    01.11.2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788279593331

Kundeanmeldelser

Frakt og levering