Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Handbok om mentaliteten til kyr - ein lærdomsroman

2025, Innbundet, Norsk Nynorsk
Fri frakt
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Handbok om mentaliteten til kyr er ei bok om tidsånda, om tilhøva i det seinkapitalistiske Europa, og om kyr, sjølvsagt.
 
Ein kulturvitar kjem heim til Island etter eit lengre studieopphald i utlandet. Med seg har han si engelske kone, dottera, og ei stadig sterkare kjensle av at moderne tankegods har køyrt det karrige øylandet i grøfta.
 
På arbeidskontoret er det berre sarkasmar og medlidande blikk å hente for kulturvitaren, men han får etter kvart ein jobb som manusforfattar for Islands Bondelag, som skal lage ein opplysningsfilm om den fabelaktige islandske kua, og trusselen frå importert Norsk raudt fe (NRF).
 
Gradvis går det opp for den ambisiøse kulturvitaren at kua sin status speglar menneskekulturen gjennom alle tider. Kua er sjølve nøkkelen til ei ny forståing av menneska og kulturutviklinga! Så underleg det enn kan høyrast ut, var det ikkje akkurat dette bondelaget var på utkikk etter, og når kulturvitaren i tillegg til å rote seg bort i sine høgttravande teoriar,  blir overrumpla av ein mannevond hundeeigar, spionering, giftmord og dysfunksjonelle familieforhold, raknar det fort for helten vår.
 
Den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson (f. 1971) har tidlegare gitt ut tre romanar på Pelikanen. For Svar på brev frå Helga (Pelikanen 2012) vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris, medan Soga om vêret (Pelikanen 2014) vart nominert til Den islandske litteraturprisen. I 2016 kom Soga om Geirmund Heljarskinn, ei litterær omarbeiding av historia frå sakprosaboka Den svarte vikingen (2013), som han vart nominert til Brageprisen for. Handbok om mentaliteten til kyr kom første gong ut på Island i 2009, og var skriven rett i forkant av den økonomiske kollapsen i 2008.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Bergsveinn Birgisson (for) ; Rauset, Margunn (ove)
  • Forlag/Utgiver

    Pelikanen Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Handbók um hugarfar kúa
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    284
  • Emnekategori

    Moderne litteratur
  • Kom i salg

    5. aug. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788283831566

Kundeanmeldelser

Frakt og levering