Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Heimatt - roman

2019, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-4 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Når ein ikkje lenger er ønskt der ein høyrer til.
Ingmar har flytta til enklaven, der han lever eit bekymringsfritt liv som prostituert på eit attraktivt bordell. Men då han oppdagar at opphaldsløyvet er borte, og prøver å skaffe seg eit nytt, legg ei rekkje byråkratiske prosedyrar hindringar i vegen for han. Det har skjedd ei haldningsendring i byen: Folk er meir aggressive og mistenksame overfor framande. Ordensvernet patruljerer gatene stadig hyppigare og går hardt fram mot dei som ikkje passar inn. Ingmar innser at byen ikkje lenger er ein trygg stad for han. Til og med Stjerna, hans beste venn og støttespelar, må til slutt insistere på at han drar.

Kafka var eit av førebileta til Jan Roar Leikvoll og ei av inspirasjonskjeldene for denne posthumt utgitte romanen. Boka viser oss breidda av arbeidet til Leikvoll, blant anna gjennom alle referansane til andre manuskript han jobba med parallelt, ved at det litterære universet denne gongen er lagt nærare vår verd, og gjennom ein tydelegare humor. Likevel er det eit gjenkjenneleg mørke og ein alvorleg undertone i romanen når han viser kva menneska er i stand til å gjere mot kvarandre når høvet ligg til rette for det.

Etterord ved Christine Leikvoll og David Aasen.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Leikvoll, Jan Roar (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2019
  • Antall sider

    250
  • Emnekategori

    Moderne litteratur
  • Kom i salg

    18. sep. 2019
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788252198584

Kundeanmeldelser

Frakt og levering