Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Hundemanuskripta

2018, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Nei å nei, Du å du og Fy å fy samla i ei bok! I 1995, 1996 og 1997 gav Jon Fosse ut dei tre Hundemanuskripta. Tekstane er umiskjenneleg Fosse, men med ein lett, humoristisk og underfundig tone. Bøkene har lenge vore utselde, men endeleg er hundehistoriene no å få tak i - alle tre samla i éi bok.

Hundemanuskripta 1 er ein fabel om hunden Websterr. Han lever eit roleg og sutlaust liv saman med gamle Oline, men har alltid ønskt å vere den einsame hunden Websterr som streifar omkring i skog og mark og hjelper ei lita hundemor som er i naud!

Hundemanuskripta 2 har den same underfundige tonen. Langt inne i ein fjord, i eit naust, bur den aldrande hunden Olav åleine. Han har ein venn, ungkar som han sjølv, som bur oppover mot fjellet. Ein dag då Olav skal besøkje kameraten, møter han den finaste by-hundedama han nokon gong har sett.

I det tredje Hundemanuskriptet er vi på ei frakteskute som går mellom bygd og by, med singel og sand. Om bord er skipper Moreld og skipshunden Haktor og dessutan labanen Einar, som aldri har likt skipshunden Haktor, men nett det har skipshunden Haktor lært seg å leve med.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Fosse, Jon (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    149
  • Serienavn

    Hundemanuskripta
  • Serienummer

    1-3
  • Emnekategori

    Moderne litteratur
  • Kom i salg

    28. feb. 2018
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788252196467

Kundeanmeldelser

Frakt og levering