Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Langt der nede - ein oppvekstroman frå Røykhola

2025, Innbundet, Norsk Nynorsk
Terningkast 5
Fri frakt
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Ein medrivande oppvekstroman frå industribygda Årdal, innerst i Sognefjorden, på slutten av 1960-talet. Samfunnet og familieforholda er i forandring og skapar nye og ukjende utfordringar. Industrien, naturen og musikken blir vevd saman til ei tidsskildring som gjer historia autentisk og gjenkjennande. Hovudpersonen Vidar og venene hans fyller lesaren med humor, varme, kjærleik, sorg og lengsel. Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i handlinga og som tidsskildring.

Balansekunstnaren Tell Teigen frå Høyanger, som også budde i Årdal, tilfører boka eit historisk, dokumentarisk tilleggs-perspektiv. Boktittelen «Langt der nede» er derfor eit bilde på denne våghalsen, samtidig som lesaren har ei medrivande kjensle av dei høge og bratte fjella, som omkransar denne bygda innerst inne i Sognefjorden, langt der nede.

«Årdal, staden i Noreg der det vart seld flest Fiatar i høve til folketalet. Endeleg kjem det ei bok som dykker ned i dette spesielle samfunnet inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møter den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi. Odd Nygård vaks sjølv opp her, og har i boka Langt der nede skapt romankarakterar ut frå miljøet som forma han sjølv, på slutten av 1960-åra.»
Morten Jentoft, journalist

«Dei dramatiske hendingane i den store verda er bakteppet for Odd Nygård sin roman om ungdommar på veg inn i vaksenlivet i Årdal. `Langt der nede- er forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.»
Per Jon Odéen, journalist og forfattar

Anmeldelser av Langt der nede:

5
I det heile ei bok som vart lese med stor glede og som heilt sikkert vil vekkja mange gode minne og attkjennande nikk, både lokalt og elles i landet.
- Jan Egil Fimreite, Sogn Avis

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Nygård, Odd (for)
  • Forlag/Utgiver

    Forlagshuset Vest AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    298
  • Emnekategori

    Moderne litteratur, Narrative emner: oppvekst
  • Kom i salg

    22. apr. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788284162560

Kundeanmeldelser

Frakt og levering