Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Langt der nede - ein oppvekstroman frå Røykhola

2025, Lydbok, Nynorsk
Lydbok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. Lydboka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
Ein medrivande oppvekstroman frå industribygda Årdal, innerst i Sognefjorden, på slutten av 1960-talet. Samfunnet og familieforholda er i forandring og skapar nye og ukjende utfordringar. Industrien, naturen og musikken blir vevd saman til ei tidsskildring som gjer historia autentisk og gjenkjennande. Hovudpersonen Vidar og venene hans fyller lesaren med humor, varme, kjærleik, sorg og lengsel. Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i handlinga og som tidsskildring.
 
Balansekunstnaren Tell Teigen frå Høyanger, som også budde i Årdal, tilfører boka eit historisk, dokumentarisk tilleggs-perspektiv. Boktittelen «Langt der nede» er derfor eit bilde på denne våghalsen, samtidig som lesaren har ei medrivande kjensle av dei høge og bratte fjella, som omkransar denne bygda innerst inne i Sognefjorden, langt der nede.

Lydbokversjonen av boka er innlest av Odd Nygård. Musikk ved Øystein Olausen.
 
«Årdal, staden i Noreg der det vart seld flest Fiatar i høve til folketalet. Endeleg kjem det ei bok som dykker ned i dette spesielle samfunnet inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møter den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi. Odd Nygård vaks sjølv opp her, og har i boka Langt der nede skapt romankarakterar ut frå miljøet som forma han sjølv, på slutten av 1960-åra.»
Morten Jentoft, journalist
 
«Dei dramatiske hendingane i den store verda er bakteppet for Odd Nygård sin roman om ungdommar på veg inn i vaksenlivet i Årdal. ‘Langt der nede’ er forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.»
Per Jon Odéen, journalist og forfattar

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Nygård, Odd (Innleser) ; Olausen, Øystein (Musiker)
  • Forlag/utgiver

    Publica
  • Format

    Lydbok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Utgivelsesdato

    21.09.2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788284162720

Kundeanmeldelser

Frakt og levering