Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Liten fugl

2026, Pocket, Norsk Nynorsk

299,-

Fri frakt
Forhåndsbestilling - lanseres 21.03.2026
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Liten fugl er ei bok, men også ei kiste full av overraskingar. På sidene finn vi menn som blir til eldfluger og kvinner som har ein liten fugl i lomma på jobbintervju, eller med eit blikk forvandlar hagearbeid til performans. Nokre av forteljingane går føre seg i Nord-Noreg, andre i Peru, og andre igjen på ikkje bestemte stader. Men uansett landskap går hovudpersonane gjennom kvardagen som om den både var deira eige territorium - og ein lett hallusinasjon. For her blir alle rom uvisse: Migrasjonen er ikkje berre geografisk, men også emosjonell og mental. I desse tekstane blandar sorg, framandkjensle, humor seg i eit undrande - nærmast magisk - blikk på verda. Slik kastar Liten fugl lys over mørke soner i tilværet og forvandlar dei til små openberringar.

Claudia Ulloa Donoso (Peru, 1979) er ein forfattar busett her i landet. Ho kom først til Nord-Noreg, tidleg på 2000-talet, budde i Bodø, studerte ved Universitetet i Tromsø, og no bur ho i Trondheim. Alt i 2006 debuterte ho, med novellesamlinga El pez que aprendió a caminar (Fisken som lærte å gå), og heldt fram i same sjanger med Séptima madrugada (2007, Sjuande morgongry) og Pajarito (Liten fugl, 2015) som allereie har oppnådd kultstatus blant spansktalande lesarar. Den første boka som kom ut på norsk, var derimot første romanen hennar, Yo maté un perro en Rumanía (2022) Jeg drepte en hund i Romania (2024). Ho har vore representert i fleire antologiar med temaet den nye latinamerikanske novella, og vart i 2017 vald ut til Bogotá39-lista over dei mest lovande unge forfattarane i Latin-Amerika. I Noreg har ho ved sida av å utvikle forfattarskapen sin undervist i spansk, og i norsk for innvandrarar.

Anmeldelser av Liten fugl:

«The stories in Little Bird accomplish a seemingly daunting task: namely, offering readers a sense of distance while also embracing the most visceral elements of the surreal. Add a few observations of life in Norway into the mix and the outcome is even more distinctive—a singular work that comes at the reader from unexpected angles.»
- Tobias Carroll, Words without Borders

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Ulloa Donoso, Claudia (for) ; Gundersen, Bente Teigen (ove)
  • Vareeier

    Les Bones Dones AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Pajarito
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    139
  • Emnekategori

    Moderne litteratur, Noveller
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788269346237

Kundeanmeldelser

Frakt og levering