Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Madame Bovary - frå livet i provinsen

2025, Lydbok, Norsk Nynorsk
Lydbok

Lydbok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned lydboka til PC eller din mobil fra siden Mine lydbøker.

«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om hovudkarakteren i verket som er ein av dei viktigaste romanane skriven på fransk. Den tragiske kjærleikshistoria om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har blitt utalege gongar dramatisert, filmatisert og adaptert. Madame Bovary er historia om eit menneske på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare, og som ikkje klarer å skilje mellom det viktige og det uvesentlege. Emma Bovary har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit. Flaubert skildra her også inngåande si eiga samtid, som han sjølv mislikte og opplevde som meiningslaus. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene som småbysamfunnet la på kvinner midt på 1800-tallet. Før boka kom ut i 1857, gjekk ho som føljetong i tidsskriftet Revue de Paris. Ho vart skulda for å vere usedeleg, og måtte gjennom ei rettssak før ho kunne bli gitt ut som bok. Gustave Flaubert (1821-1880) var ein av dei sentrale forfattarane i den franske romantikken, samstundes som han blir nemnd som opphavsmannen til den litterære realismen. Han skilde seg ut gjennom ein svært finstemd skrivestil, og har vore kalla ein av litteraturens store perfeksjonistar.

Med debut-romanen Madame Bovary (1857) fekk Flaubert sitt store litterære gjennombrot.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Vareeier

    Skald
  • Format

    Lydbok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Kom i salg

    14. okt. 2025
  • Varenummer

    9788279594109

Kundeanmeldelser

Frakt og levering