I denne humoristiske og spennande romanen møter vi ungkaren Jorulf, ein original og fantasifull oppfinnar og rimsmed. No er han endeleg er på veg til å bli noko stort ? og kanskje finne den store kjærleiken. Men der er mange skjer i sjøen, og alt blir annleis enn planlagt.
Ei plagsam sladrekjerring og ein fåmælt einstøing spelar viktige roller, og ikkje minst den vakre og smilande butikkdama, som dessverre ikkje har reint mjøl i posen.
Den varme humoren i boka, og mange komiske situasjonar, kallar fram smil og latter. Eit utspekulert fuglekremsel blir ikkje berre ein dundrande fiasko, men får heilt uventa etterspel.
Vanskar er til for å overvinnast, eller som Jorulf sjølv seier i eit av sine små dikt:
Ein stor oppfinnar
må prøve igjen
om alt seier stopp.
Ein verkeleg vinnar
blir berre den
som aldri gjev opp.
Forfattaromtale
Karsten Oksavik f. 1944 i Hjørundfjord (no Ørsta kommune) har vore lærar, spesialpedagog og logoped fleire stader på Sunnmøre til han vart alderspensjonist. Nokre små forteljingar og dikt vart trykte i Norsk Barneblad, andre vart brukte i Søndagsposten NRK. Ida Elisabeths kunstforlag tok med 17 av dikta hans i dei tobøkene Før sporene forsvinner( 2003) og Gleder(2005).