Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Perlemorstrand - roman : Århundre I : Utstein kloster syklusen IV

2012, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Alfred Hauge slår opp eit stort lerret i romanen Perlemorstrand. Han vil - for å bruka hans eigne ord - «fortelja om vårt århundre og om ein person som gjennomlever vårt århundre». Boka spenner over ein tidleg epoke av 1900-talet, og gir eit rikt fasettert bilete av hovudpersonen Bodvar Staups barndom og det miljøet han veks opp i. Her møter vi først og fremst hans eiga slekt, eit møte der fire og stundom fem generasjonar er representerte samstundes. Det er eit miljø som har si markante geografiske avgrensing, men der folket samstundes har land som Amerika og Kina innanfor sin kontaktkrins. \tAlfred Hauge skildrar menneske og miljø med burlesk humor og inntrengjande alvor. Boka stiller samfunn og individ opp i spenning og samspel med kvarandre i ei tid med store omskifte. \tHandlingsgangen er intenst dramatisk. Perlemorstrand har langt på veg den same komposisjonsform som ein kriminalroman. Dertil får menneske og hendingar perspektiv ved at vi møter igjen hovudpersonen i vår eiga samtid, halvhundre år etter at Bodvar Staups barndomshistorie stod i brennpunktet. \tPerlemorstrand er etter sin struktur eit avslutta verk. Samstundes er boka opptakten til ein trilogi om det 20. århundre sett under eit politisk, sosialt, religiøse og individualistisk perspektiv. Boka høyrer dertil med som eit sjølvstendig ledd i Utstein kloster-syklusen.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Gyldendal
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2012
  • Emnekategori

    Moderne litteratur
  • Kom i salg

    12. okt. 2012
  • Varenummer

    9788205439078

Kundeanmeldelser

Frakt og levering