Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Siste tur til Sommero

2023, Innbundet, Norsk Nynorsk

379,-

På nettlager - sendes innen 2-5 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Dei hadde ein avtale: siste helga i sommarferien på Sommero. Berre dei tre, saman, for alltid. Til døden. Og slik blei det. Siste tur til Sommero er ein ellevill thriller om tre kompisar på hyttetur. Dei har vore bestevener sidan barndomen, likevel ender denne turen med at to av dei tar livet av den tredje. Kva var det som skjedde?

Tre kompisar: To sit på andre rad, og ein ligg i kista. Ei kvit kiste omkransa av blomar i alle sommarens fargar, men dei to som sit på andre benk, ser ikkje på blomehavet. Dei ser på skoa sine. Dei krummar nakken og held seg fast i kvart sitt samanbretta A4-ark med bilete av ein smilande ung mann på framsida. Ser ikkje slik ut lenger, han som ligg oppi kista. Ser ikkje så bra ut. Det veit dei to som sit på andre rad, for dei var dei siste som såg kompisen i live. Det var faktisk dei som drap han, men det er det ingen andre som veit.

Terje Torkildsen (f. 1971) er ein forfattar, skodespelar og komikar frå Stavanger. Han har vunne Uprisen for årets ungdomsbok to gonger. Denne gongen har han skrive ei litt vaksnare bok. Eit thrillerdrama i form som eit film- manus, med «cliffhangrar», og det har vorte ein skikkeleg «pageturner». Dette er hans tolvte bok.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Torkildsen, Terje (for)
  • Forlag/Utgiver

    Dreyer Bok AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    167
  • Emnekategori

    Krim og mysterier, Moderne litteratur, Skjønnlitteratur: generelt
  • Kom i salg

    18. aug. 2023
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788293913221

Kundeanmeldelser

Frakt og levering