Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Skrifter i samling. Bd. 6

2001, Innbundet, Norsk Nynorsk

181,-199,- i butikk

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
LÆRAREN (1896) er eit hovudverka i nynorsk dramatikk. Her møter vi Paulus Hòve, son til Enok i FRED. Verket er ei drastisk oppgjer med syndedyrking i visse kristne miljø, men her er òg ein samfunnskonflikt og ein kjærleikskonflikt. Og det er samanflettinga av alle desse motiva som gjer Paulus til ein fårleg mann.
DEN BURTKOMNE FADEREN (1899) er kan hende Garborgs mest personlege prosaverk. Hovudpersonen er Gunnar Hòve, bror til Paulus. Han har kome attende til heimbygda etter mange år i utlandet, trøytt av materialisme og innhaldsløyse. Det blir Paulus som til slutt gir han kvila si att, med trua på kjærleiken, den sigrande livsmakta.
HEIMKOMIN SON (1908) er Garborgs siste større bokverk. Her blir tankane frå DEN BURTKOMNE FADEREN knytta til praktisk arbeid i jordbruket, ettersom brorskapstanken blir innfelt i jordspørsmålet.
ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klart å leve av å skrive. Han høyrde til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Garborg, Arne (for)
  • Forlag/Utgiver

    Aschehoug
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2001
  • Antall sider

    220
  • Serienavn

    Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis
  • Serienummer

    6
  • Emnekategori

    Klassisk litteratur
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788203184079

Kundeanmeldelser

Frakt og levering