Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Skrifter i samling. Bd. 9

2001, Innbundet, Norsk Nynorsk

119,-199,-

Medlem 40%
Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Jærbu og europear har ein gjerne kalla Arne Garborg, og denne boka opnar med fire reisebrev frå Paris, München og Nord-Noreg. Så følgjer den kanskje mest kjende epistelsamlinga i vår litteratur: KOLBOTNBREV (1890). Kolbotnen var namnet på hytta i Nord-Østerdal der Arne og Hulda slo seg ned då dei gifta seg i 1887. I desse breva fortel han med humor og ironi frå dagleglivet og små og store gleder, og her er herlege skildringar frå skogen og fjellet. I 1899 bygde Garborg eit hus på Jæren, Knudaheio, og KNUDAHEIBREV (1904) inneheld skildringar av menneska, naturen og livsvilkåra der. Delar av boka er eit personleg livsoppgjer, ein sjølvbiografi frå barndom og notid. Her finn òg Garborg fram til eit positivt syn på det nye Jæren. ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klarte å leve av å skrive. Han høyrer til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Garborg, Arne (for)
  • Vareeier

    Aschehoug
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2001
  • Antall sider

    304
  • Serienavn

    Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis
  • Serienummer

    9
  • Emnekategori

    brev og notater, Dagbøker
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788203184109

Kundeanmeldelser

Frakt og levering