I tre noveller på starten av det førre hundreåret, skildra ein anonym forfattar livet som drøymandekunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fått klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans står i lågmælt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom. Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prøver å finne fotfeste i det borgarlegevaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong låg opne for dei. Forteljingane er rå og direkte, men òg høgstemde og lyriske - dei får oss til å tru på denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnartekstaneeit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og økonomi, idealisme og borgarskap, børs og katedral. Nescio (1882-1961), eller Jan Hendrik Frederik Grönloh som han eigentlegheitte, er blant dei mest betydningsfulle moderne forfattarane i Nederland. Verka hans er eit fast innslag i skuleundervisninga og er alltid med når den beste nederlandske litteraturen opp gjennom tidene blir kåra. Grønloh debuterte som forfattar i 1911 og under pseudonym. Først då han hadde ei trygg stilling som direktør i The Holland-Bombay Trading Company, og tekstane hadde begynt å bli einsnakkis blant unge forfattarar, avslørte Nescio sitt verkelegnamn i eit forord til 1933-utgåva. Etter at han slutta i direktørstillinga levde Grønloheittilbaketrekt liv, samstundes som verket hans fekkklassikarstatus i den nederlandske litteraturkanonen. Nescio har lenge vore ukjent utanfor sitt eige språkområde. Først i nyare tid har dei tre novellene, som dannarhovudverket hans, blitt oppdaga i utlandet. I 2012 gav New York ReviewBooks ut novellene under tittelen Amsterdam Stories, til strålandekritikkar. Eit artig samantreff er at det var Jon Fosse-omsetjarenDaimionSearls som gjorde den amerikanske forleggaren merksam på forfattarskapen.