Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Vandraren

2026, Innbundet, Nynorsk

329,-

Fri frakt
Forhåndsbestilling – forventes i salg 06.11.2026
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Colette er kjend for si sanselege og kompromisslause utforsking av kropp, lyst og fridom, og for å flytte grenser for kva kvinner kunne skrive og vere i samtida. Med utgangspunkt i sitt eige liv skreiv ho ope, utfordrande og overraskande moderne om kvinna si rolle i samfunnet.

Vandraren (1910) var den første boka Colette gav ut under eige namn, etter å ha stått i skuggen for ektemannen som gav ut hennar bøker i sitt namn. Romanen følgjer Renée Néré, ein kvinneleg varietékunstnar som, etter eit mislukka ekteskap, lever av talentet sitt i Paris. Ho balanserer på ein knivsegg mellom økonomisk utryggleik og kunstnarisk fridom, mellom sårbarheit og sjølvstende. Når ein velhalden tilbedar byr henne eit sorgfritt liv i velstand, blir ho stilt for valet mellom kjærleik og tryggleik, og fridom og sjølvstende.

Romanen balanserer elegant i spenninga mellom det indre og det ytre livet – mellom scenelys og skuggar, mellom publikum og einskap. Colette skriv med ein nærmast fysisk nærleik til rørsler, rom og stemningar, og gir det kvardagslege ein gnistrande intensitet. Ho kombinerer moderne psykologisk innsikt med ein nesten naturlyrisk prosa, der sjølv dei minste detaljar får symbolsk tyngde.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Vikingstad, Margunn (Oversetter)
  • Forlag/utgiver

    Skald
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    La vagabonde
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    267
  • Serienavn

    Skalds klassikarar
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788279594000

Kundeanmeldelser

Frakt og levering