Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Den kvisten er best som bøyer seg og ikkje brest - ei samling avleidde ordtak og vendingar

2003, Heftet, Nynorsk

298,-

Kun tilgjengelig for Klikk og hent
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Forfattaren, fødd på Stord 1927, er sivilingeniør i kjemi. Han hadde 30 års fartstid i Fiskeridirektoratet då han vart pensjonist i 1992. Hobbyinteressene hans har m.a. omfatta treskurd og forming av figurar i tre av folk, dyr og fuglar. Han har tidlegare kome ut med boka Primstaven, gamle minne- og merkedagar.I denne siste boka har forfattaren omforma eldre ordtak og vendingar slik at dei har fått enderim. Nokre nyskapingar er og tekne med. Truleg vil ordtak med enderim lettare festa seg i minnet. Dei fleste omarbeidde ordtaka har same meiningsinnhald som dei opphavlege, men somme har fått ein ny vri eller tilleggsmoment.Her er nokre eksempel på gammal og ny versjon:
.
.Den dag kommer nok da kua har bruk for halen. .Kua sitt haleheng, svansen, er lekk i terrorbalansen.
.
.Den engelske kirkegjenger foretrekker en streng preken fordi han mener at hans nabo .kan ha godt av et par sannheter..Prestepreika streng er nett det grannen treng.
.
.Det er ikke mistet det som renner fra nesen og inn i munnen. .Det er ikkje tap som dryp fra nase og ned i gap.
.
Her er nokre eksempel på ny vri eller tilleggsmoment:
.
.Forbuden frukt smaker best..Forboden frukt er best før brukt.
.
.Klær skaper folk..Klede skapar anten folk eller gapar.
.
.År er kjærlighetens prøve..Dag gir elskhug høve, år set elskhugen på prøve.
.
Somme vil kanskje meina at det ikkje skulle tuklast med gammalt ervegods på denne måten. Til det er å seia at ordtaka er då framleis å finna i gammal form. Ingen har teke noko frå nokon.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Losnegard, Norvald (for)
  • Format

    Heftet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2003
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788230000519

Kundeanmeldelser

Frakt og levering